Ph.D, førsteamanuensis, institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda
Faglege interesser
I samband med eit Dekomp-prosjekt [1] som tematiserte munnlege ferdigheiter på vidaregåande trinn, har eg, saman med Kristin Kibsgaard Sjøhelle, funne ei særleg interesse for undervisning i og vurdering av munnlege ferdigheiter hos elevar i morsmålsfaget frå 8.–13. trinn. Dette har resultert i fleire konferanseinnlegg om munnlege ferdigheiter, samt ein artikkel (in review) som presenterer ein modell for vurdering av ferdigheiter i norskfaget.
Eg er del av forskargruppa Munnlege ferdigheiter – Oracy, som inneverande år (2024) har søkt Norges Forskningsråd (NFR) om eit samarbeids- og utviklingsprosjekt knytt til munnlege ferdigheiter i ungdomsskulen. Målet med prosjektet er å auke forståing for oracy mellom L1-lærarar i ungdomsskulen i Noreg og Danmark, samt studere lærarars endring i undervisning- og vurderingspraksis gjennom prosjektet. I arbeidet med eigen doktorgrad var eg kopla til Normprosjektet [2] (2011–2017), ved at eg følgde den vidare skriveutviklinga til eit utval av Normprosjekt-elevane gjennom ungdomstrinnet. I Ph.D.-en såg eg nærmare på skriveopplæring i normert bokmål og nynorsk, korleis ungdommar markerer språkleg identitet gjennom skriving i og utanfor skulekvardagen, og korleis desse kan møtast i didaktisk forsking. Eg er derfor også interessert i korleis språklege uttrykksmåtar – også munnlege – er ein aktiv del av identitetsskapinga til elevar. Eg har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn, men arbeider i dag i hovudsak ved grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda.
[1] Desentralisert ordning for skolebasert kompetanseutvikling (DEKOMP) er ein del av Utdanningsdirektoratet sin modell for lokal kompetanseutvikling i skolen. Les meir: https://www.hivolda.no/samarbeid/lokale-ordningar-kompetanseutvikling-barnehage-og-grunnopplaering/dekomp
[2] Normprosjektet, Developing national standards for assessment of writing, var eit NFR-finansiert forskings- og utviklingsprosjekt, som hadde som mål å bidra til å styrke den forskingsbaserte kunnskapen om skriveopplæring og vurdering av skriving i grunnskulen (3.–7. trinn). Les meir: https://skrivesenteret.no/prosjekt/normprosjektet/