Synnøve Matre

Professor emerita i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, Norges tekniske naturvitskaplege universitet (NTNU), synnove.matre@ntnu.no

Faglege interesser innanfor munnlegheit:

Eg har arbeidd mykje med samtalar med og mellom små barn. Målet mitt i utgangspunktet var å få innsikt i den språk- og tekstkompetansen barn har med seg i møte med skulen, før dei har lært å uttrykke seg gjennom skrift. Master-/hovudoppgåva mi  var ein studie av 3 ½ år gamle barn i samtale med mødrer, der eitt av barna var blind. Eg undersøkte her både syntaksen til barna og det dialogiske samspelet. Eit interessant funn var korleis det blinde barnet nytta ulike aspekt både ved syntaks og intonasjon til å orientere seg mot samtalepartnaren. I doktorgradsarbeidet studerte eg eldre barn, 5-7 år gamle, i samtalar mellom barn. Her identifiserte eg ulike måtar å samhandle på, og ikkje minst ulike strategiar som barna nytta i arbeidet med å utforske spørsmål/tema på gjennom samtale. Metodisk tilnærming og funn og erfaringar frå dette prosjektet er publisert i boka

Matre, S. (2000). Samtalar mellom barn. Om utforsking, formidling og leik i dialogar. Det Norske Samlaget.

Samtalar knytte til arbeid med skriving er eit anna interessefelt – idémyldringssamtalar, vurderingssamtalar og responssamtalar. Ein studie av korleis lærarar nyttar samtalen i arbeid med å vurdere elevtekstar har gitt interessant innsikt (sjå m.a. Matre & Solheim (2016). Opening dialogic spaces: Teachers’ metatalk on writing assessment. International Journal of Educational Research)